UTSETT: «Samisk historietime» under LitFest Bergen

UTSETT: To programpostar støtta gjennom stimuleringsmidlane for nordnorsk litteratur under Bergen internasjonale litteraturfestival (10. - 14.02.2021) er utsett.

LitFest Bergen deltek Mary Ailioneida Sómban Mari, som er aktuell med diktsamlinga «Leve blant reptiler. Beaivváš mánát». Ho skal vere med i ein samtale med forfattaren Kathrine Nedrejord, Samisk historietime, og ho skal delta på diktarrangementet Poetisk punkgalla. Desse to programpostane er støtta av dei nordnorske fylkeskommunane, gjennom stimuleringsmidlane for nordnorsk litteratur. BEGGE PROGRAMPOSTANE ER BLITT UTSETT.

Programmet for Bergen internasjonale litteraturfestival

Generasjonssamtale V: Samisk historietime
Ein del av norsk historie som det blir snakka lite om, er korleis samiske barn blei tvungne inn i norsk språk, kultur, klede og mentalitet, og korleis dette skapte dype sår, både i barnet, i familien og i samfunnet. Den nye diktsamlinga «Leve blant reptiler» av Mary Ailonieida Sombán Mari og ungdomsromanen «Lappjævel» av Kathrine Nedrejord tar på ulikt vis for seg denne mørke sida av norsk historie. Samtalen skal ledes av Tomm Kristiansen.

Mary Ailonieida Sombán Mari
Mary Ailonieida Sombán Mari

Kva for tankar gjer dei to forfattarane seg om denne delen av samisk historie, og korleis blir den formidla i dag, på samisk og på norsk? Nedrejord og Sombán Mari tilhøyrer to ulike generasjonar samar. Dei to skal møtes til samtale om samisk oppvekst og kva som har endra seg i forholdet mellom samar og nordmenn. SAMTALEN ER UTSETT!

Kathrine Nedrejord


Poetisk punkgalla
Frå stygt og rasande til høgstemt og lovprisande – poetane frå fleire nasjonar skal møtes i Poetisk punkgalla, i ei lyrisk verd utanfor kartet. Fatemeh Ekhtesari, Mary Ailionieida Sombán Mari, Pedro Carmona-Alvarez, Henning Bergsvåg, Øivind Hånes og Steinar Opstad. PROGRAMPOSTEN ER UTSETT!

LitFest Bergen på Facebook

Instagram @litfestbergen