Nytt medlem: Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk bokdebuterte i 2013 med «Magnhild», ein vaksenroman om sex, fyll og offentleg forvaltning.

Foto: Maria Olivia Rivedal

Inger Johanne Sæterbakk (f. 1981) kjem opphaveleg frå Bodø, før ho flytta til Orkanger. I dag bur ho i Oslo, der ho jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. Tidlegare har ho jobba i NRK Finnmark og NRK Troms, og ho har vore informasjonsmedarbeidar på Hålogaland teater og i Tromsø kommune. I 2013 var ho leiar for Språkåret, og frå 2014 til 2018 arbeidde ho som nettredaktør i Norges Bondelag.

Inger Johanne bokdebuterte i 2013 med «Magnhild», ein vaksenroman om sex, fyll og offentleg forvaltning. Boka skreiv ho i lag med Guri Idsø Viken. I 2017 gav ho ut si fyrste barnebok, «1000 dagar», og i 2020 kom «Rundt jorda og tilbake». Inger Johanne er medlem av NBU og Norsk Forfattersentrum, og ho er styremedlem i Noregs Mållag.