Nytt medlem i Nnf – Line Nagell Ylvisåker

Nordnorsk forfatterlag har tatt opp Line Nagel Ylvisåker som medlem. Ho gav i mai 2020 ut si første bok, «Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard».

Foto: Ragnhild Utne

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal. Ho er utdanna journalist og arbeidde frå 2006 til 2018 i Svalbardposten (i periodar som konstituert redaktør). Line seier om seg sjølv: «Eg har jobba som journalist i Longyearbyen sidan 2006, og gav i mai 2020 ut mi første bok, «Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard». Boka mi er kjøpt inn av kulturrådet og eg er medlem av NFFO».

Line fotograferer som oftast sjølv, men samarbeider òg med andre fotografar på Svalbard. I 2017 fekk ho saman med Hilde Røsvik Troms journalistlag sin journalistpris for ein artikkelserie om skredet i Longyearbyen i 2015. I 2018 mottok ho Landslaget for lokalaviser sin journalistpris for ein artikkelserie om reiselivet på Svalbard og arbeidsvilkåra for guidane der.

Besøk nettstaden til Line Nagell Ylvisåker