Lansering av novellesamlinga "Skjør"

Det er lanseringa av novellesamlinga "Skjør" på Nesna folkebibliotek torsdag 4. april kl. 18.30.


Ekteparet Berit Oksfjellelv og Hallvard Kjelen frå Bleikvasslia, med arbeidsbustad på Nesna, gjev ut novellesamling i lag. Oksfjellelv har skrive tolv av novellene, Kjelen elleve.
I invitasjonen til lanseringa heiter det at: «Novellene i Skjør utforskar det skjøre i vid forstand. Det skjøre livet, skjøre relasjonar og situasjonar, skjøre sinn, skjøre minne og skjøre omgjevnader. Dei handlar om menneske som har fått nok, menneske som gjev opp og menneske som held ut. Der er grenser. Mellom gal og normal, sosial og asosial, liv og død, før og no, harmoni og disharmoni. Men grensene er skjøre, og menneska i Skjør lever i grenselandet. Novellene balanserer på ei skjør line mellom alvor og skjemt.»

Berit Oksfjellelv (f. 1977) debuterte som forfattar med barneboka "Ut av munnen" i 2012 og som biletkunstnar på Nordnorsken i 2013. Sidan har ho publisert ei rekkje noveller og dikt i antologiar og ulike tidsskrift som t. d. Norsk Barneblad, Stemmer og Nordnorsk Magasin. Ho har hovudfag i nordisk og har undervist ved dei fleste skuleslaga og arbeidd med tekst i forskjellige yrke.



Hallvard Kjelen(f. 1977) er førsteamanuensis i norsk ved Nord universitet, Nesna. Han har tidlegare vore redaktør for fagboka "Det utvidete læringsrommet" (2015). Han er òg visesongar med hang til det sentimentale.

Boka kan kjøpast privat hos forfattarane og i alle landets nettbokhandlar og ho er utgjeven av Kolofon forlag.

_______________________
Publisert 29.3.2019 av HKE


Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no