Minneord, Hanne Aga (1947-2019)


Diktaren Hanne Aga blei født 28. mars i 1947 i Røra i Nord-Trøndelag. Ho vaks opp i Vest-Agder og Hardanger, men budde i Nord-Noreg det meste av sitt vaksne liv, i Sør-Varanger og Tromsø. Etter mange år med sjukdom døde Hanne Aga 17. mars 2019 i Tromsø, 71 år gammal. Ho etterlet seg sin kjære; Malvin Skulbru, og sonen sin; Jonas Aga Uchermann, svigerdottera Anette Hjertø, og barnebarna Eva og Jo.

Hanne Aga utdanna seg først til fysioterapeut, og på 1980-talet studerte ho nordisk og samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Debuten som forfattar kom i 1981 med diktsamlinga «Skjering med lys», og etter kvart kom det tolv poetiske bøker frå henne. Siste bok var «Snart er møtet over» i 2014.

Ho fekk eit treårig kunstnarstipend frå Staten i 1987, og Statens garantiinntekt frå 1991. I 1990 fekk ho Emma og Elias Blix minnepris for forfattarskapen sin. Ho var medlem i Nordnorsk Forfatterlag (Nnf), Norsk Forfattarsentrum, Den norske Forfatterforening (DnF) og medlem i det litterære råd i DnF frå 1992 til 1994.

For forfattaren Hanne Aga var det ingen kompromiss. Ho var tru mot sine eigne tankar og poetiske idear og bilete igjennom den meir enn tretti år lange forfattarskapen sin. Frå debutboka «Skjering med lys» etablerte diktaren fleire av dei motiva som sidan skulle gå igjen: Mellom anna smerte og død, Gud, sol og lys, salmar og sorg.

Enkelte av bøkene hennar inneheldt ei kompakt bildeverd og eit knapt språk, nesten ikkje til å trengje inn i, medan andre bøker er fylt med eit rytmisk og klangfullt, poetisk språk. Samtidig som Hanne heldt fast ved dei poetiske motiva sine, let ho tankar og refleksjonar frå samfunnet sive inn i diktinga.

Typisk for diktinga hennar er forsøka på å overskride skiljet mellom kropp og språk, mellom refleksjon, politikk, vitskap, mellom død og liv, menneske og natur, i tekstar som glir mellom poesi og forteljing.

Hanne Aga presenterte den poetiske skrivekunsten sin gjennom meir enn litterære bokutgivingar: også gjennom film og tverrkunstnarlege framsyningar og gjennom essays om kropp og språk. I tida frå 1988 til 2000 var ho utøvar, medskapar og medprodusent på fleire poesikonsertar og framsyningar samt ein poesifilm, og ho turnerte mellom anna for rikskonsertane. Ho deltok på opplesingar både i innland og utland, mellom anna var ho i 2002 som ein av dei første frå Noreg på Festival Internacional de Poesía de Medellín, ein stor poesifestival i Colombia.

Dei siste åra Hanne fanst i verda, stilna den poetiske røysta og ho forsvann frå den litterære offentlegheita. Gjennom det poetiske virket sitt sette ho likevel varige spor.


For Nordnorsk forfatterlag
Hilde Katrine Eriksen

For Norsk Forfattersentrum Nord-Norge
Johannes U. Johannessen
Ingvild Holvik



Bibliografi
«Skjering med lys», dikt, Samlaget, 1981
«Forsvar håpet», dikt, Samlaget, 1983
«Hard klar rose, ei open historie», Samlaget, 1985
«Bror sorg», poesiroman, Samlaget, 1986
«Presis overalt», dikt, Samlaget, 1988
«Steinrosetoner», musikk, poesi og dans med Rikskonsertene, 1988-1989
«Stein/Roser», poesifilm for NRK, 1990
«Utan bevis», tekster til kropp og språk, Aschehoug, 1991
«Friheten kommer», poesikonsert, Folkeakademiet og Norsk Forfattersentrum, 1992 og 1994
«Gå i skuggen, vent på vinden», dikt/song, Aschehoug, 1993
«Kraftas», poesi/forteljande, Aschehoug, 1994
«Tid for bruer», poesikonsert til Festspillene i Nord-Norge, 1998
«Eit anna lys, eit anna vatn», lyrikk til framsyning med Stellaris Danseteater, 2000
«Solis», dikt song, Samlaget, 2000
«Eit rom å falle inn i», dikt, Solum Forlag, 2005
«Som om ein ny dag skal komme», dikt, Forlaget Oktober, 2008
«Snart er møtet over», dikt, MARGbok 2014

______________________
Foto: Finn Ståle Felberg
Publisert 22.3.2019 av HKE

Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no