Kine Hellebust
Blues for ei rusten diktsperre
Godt nytt år du med blanke ark!
Med skrivesperre, slurv og slark!
Kva vil så dette skriveåret bringe?
Håpar du at noen skulle ringe:
" Hei du, vil du skrive noe for oss?
Du kan velje kva du vil av stil og sjanger
- alt frå drøymepoesi til rally-cross,
for vi har høyrt at du er ledig, men går svanger…
helsing Verdsforlagets Superboss."
Slike tankar, von og tru, har vel både eg og du.
Men dei hjelper altfor sjeldan
oss som legg oss dikttørr ned, om kveldan
Vrir og vrengjer alt i knotten,
Heng meg opp i flireord - som fyller opp mitt skrivebord
- og hamnar støtt i diktkasjotten.
Få til, få til, å ver så snill!
Sprut ut frå penn - eit ord, ein ven
Dal ned på ark
- Om så ein nano meitemark!
Men plutseleg så skjer det, ja det hender!
Diktet kjem! Eg trykker "sender"
Og straks er diktet med ein e-post sloppe ut!
Maskinen durar, og det ristar -
men timeglaset renner ikkje ut, eg mistar…
- håpar likevel, og ventar - til mi tålmodskraft tatt slut
Ser heile diktet mitt forsvinne som eit vagt, men vakkert minne
Registrerar berre, der eg sit - i sinne
alt av "djevler og demoner" eg har øydsla vekk i tapte kroner
Er det virus eller anna feil?
Anar ikkje, eg slepp opp for ord og eder
No vil eg bort frå alt, vil sette segl
"- vil sove søtt på dun och fjäder"
No er eg sliten, eg er øm i heile kroppen,
eg reiser meg frå bordet, hentar koppen
Og nattrasjon med kaffi fylt til randa,
då ser eg feilen, og eg knapt kan anda :-)
No ser eg grunnen til at poeten min så ganske enkelt ikkje fekk det til!
når heile epost-nettet ligg som nordnorsk sommarhav i juni - dørge still
Tenk, denne gongen var det ganske enkelt ikkje skulda mi. Eg trallar høglydt, nøgd og blid
Ein lykkerus sig langsamt opp i toppen - kva hjelper det å hengje seg i stroppen
Av all slags tekniske detaljar?
Når det vi skulle hatt var dikt-medaljar!
Haust - dagbok 2011
Nedteljing - gjennomføring - avslutting
Kjære medlemmar.
Det er med stor glede eg som styreleiar kan informere om to fantastiske hendingar laget har vore gjennom.
Tromsø, laurdag 1. - onsdag 5. Okt. 2011!
Styremøte del 1 - og praktiske gjeremål i samband med Fjørtoftseminaret og Jack Berntsen sin minnekonsert. Begge arrangementa på same dag.
Søndag, Styremøte del II - (referatet kjem så snart vi får "hauet over vatnet". Etter at dei siste praktiske gjeremåla var delegert, avslutta vi kvelden med å feire 50-årsdag for styremedlem Gro Kaasen, og samstundes ta avskjed med kontorleiar Vibeke Haddal Lien, som dessverre for oss går til studentstatus på nordisk. Og middagen var framifrå!
Måndag gjekk det i eitt frå morgonen av med å lage program for konserten. Vi ville ha allsong, og trykte opp både Bygdevise (Kor e hammaren Edvart) så vi fekk minnes Jahn-Aril Skogholt også. Deretter Ellinors vise, som Sverre Kjelsberg skulle lede. Program til Fjørtoftseminaret blei ferdig om ettermiddagen, innkjøp og tinging av lunsjbaguettar, mineralvatn og frukt… Men vi er fem stykk pluss dagleg leiar, med vilje til å gjennomføre, så det gjekk på skjener. Vi fekk lovnad frå pressa om førehandsomtale, dersom vi skreiv pressemelding. Det gjorde vi. Stor blei auga våre då det blei oppslag på minnekonsert, men ikkje eitt ord om det første Fjørtoftseminaret i byen (Det var det vi hadde bede om.)! NRK ringte og ville ha intervju om Jack Berntsen. - og dett var dett.
Men noe var veldig positivt! Christine på Tromsø museum er eit funn å ha som samarbeidspartnar. Talarstol, kvilerom, garderobe, kaffi, servering, oppsett av stolar, fjerning av alt anna, gjorde at vi kom i mål. Vi fekk også veldig stor hjelp frå lysmann Rune på HATS, som lova å komme med lystårn og montere kastarane før seminaret tok til neste dag. Noe han også gjorde.
Kjersti Sønderland som var gift med Kjell Fjørtoft, og som mange av oss stifta kjennskap med på 80-årsdagen hans 5. mars i fjor, (årsmøtet i Tromsø), lånte ut ti fotografi som Kjell hadde tatt då bybrannen i Tromsø braut ut natt til 14. Mai 1969. Vi hengte dei opp i Rotunden kafé, til glede for tilreisande seminardeltakarar, og andre som stakk innom. Vi fekk akkurat også laga ferdig program til Fjørtoftseminaristane.
Tysdag 4. okt., klokka 0830. NRK-intervju unnagjort, og vi var veldig spent på korleis det ville gå med seminardeltaking og gjennomføring. Pressa glimra med sitt fråver, med unnatak av dei som skulle halde føredrag og eiget forfatterlagsmedlem frå nrk. Ho tok opp ein god del dokumentarstoff, og fekk intervjua føredragshaldarar, og lagde innslag frå seminaret til ettermiddagssendinga. Då ho spurte om kva vi syns om oppmøtet, svarte eg kjapt: Hugs at alt det store byrjar i det små!
For vi var 23 stk. som fekk høyre om eldsjela, djupdykkaren, den fryktlause, og den nærverande lyttande Kjell. Etter lunsjpausen dreidde seminaret til faglitteratur med fokus på situasjonen for faglitterære forfattarar i dag. Framleis med interessante konfliktar, hemmelege tenester og politisk spel på høgt plan.
Deltakarane sat med store auge, og likte seg tydeleg. Seminaret var intimt, det var avslappa, men hadde samstundes nerve og flott innhald med mange ulike og nye synsvinklar - nye resultat, og med det blei det også sjølvsagt lite oppgulp.
Tysdag 4. okt. skipa laget det første faglitterære seminaret i landsdelen, som bar Kjell Fjørtoft sitt namn. Vi kan sikkert kritiserast for for liten PR., men det kom 23 ihuga personar frå nær og fjern som fekk møte godt førebudde, interessante og entusiastiske føredragshaldarar som sette Nnf sitt æresmedlem, fotograf, forfattar, dokumentarist og filmskapar Kjell Fjørtoft sitt liv og virke i eit framtidig perspektiv: Kor går faglitteraturen? Kva skal den vere? - og for kven?
Vi var ferdig kl 1530, og etter ein kort pause kom lydmannen for å rigge utstyret klårt til lydprøve for artistane.
Og dei kom tuslande inn, den eine etter den andre for å minnest Jack. Den nordnorske visekunstens far. Troilltampen frå Hamarøy og Svolvær.
Deretter kom publikum. Dei formeleg velta inn og overfylte salen. Ekstra stolar måtte settast inn og tidsskjema sprakk allereie her med over eitt kvarter. Konsertsalen representerte den varmaste haustkvelden på lenge, og vindauge og dører måtte settast opp. Endå det var både vind, regn og kulde utanfor, dempa det ikkje atmosfæren.
Publikum song med på alt dei blei bede om. Stemning frå første strofe med 38 koristar frå Sandnessundet under leiing av Hamarøyingen Sissel Helland, og då dei avslutta med Kjøssekurset av Helge Stangnes, var stemninga satt. Og den heldt seg ut heilt til slutt.
Du kan sjå programmet for konserten ein annan stad på heimesidene våre.
Sliten og veldig stolt registrerte vi ein godvilje hos publikum etter konserten. Vi oppsummerte at Nnf har, og har hatt flotte medlemmar som har betydd så mykje for folk i landsdelen, og vi kunne ta farvel, og ønske folk vel heim klokka 2240.
Takk til alle som var der og hjelpte oss til å gjennomføre dette evenementet! Takk til medlemmar som kom med innspel og forslag til AT vi skulle gjere det, og for ikkje å kvile på lauvbæra, nemner eg den neste spennande aktiviteten vår: Lydbok-antologien.
Juryen har fått alle bidraga. Dei les på spreng, anonyme bidrag eitt for eitt. Dei skal vere ferdig med juryarbeidet medio oktober, og redaksjonen skal sette rekkefølgje. Vildgren Metaforlag skal overta det tekniske, og innlesinga skal gå føre seg i Tromsø og i Oslo.
Det kjem meir, så følgj med.
Ha ein god skrivande, kreativ og vakker haust så lenge.
Beste helsing frå styret
Kine, Marit, Rasma, Anita, Gro og Vibeke.



