Arkiv 2011

Haust - dagbok 2011

Nedteljing - gjennomføring - avslutting

Kjære medlemmar.

Det er med stor glede eg som styreleiar kan informere om to fantastiske hendingar laget har vore gjennom.

Tromsø, laurdag 1. - onsdag 5. Okt. 2011!

Styremøte del 1 - og praktiske gjeremål i samband med Fjørtoftseminaret og Jack Berntsen sin minnekonsert. Begge arrangementa på same dag.

Søndag, Styremøte del II - (referatet kjem så snart vi får "hauet over vatnet". Etter at dei siste praktiske gjeremåla var delegert, avslutta vi kvelden med å feire 50-årsdag for styremedlem Gro Kaasen, og samstundes ta avskjed med kontorleiar Vibeke Haddal Lien, som dessverre for oss går til studentstatus på nordisk. Og middagen var framifrå!

Måndag gjekk det i eitt frå morgonen av med å lage program for konserten. Vi ville ha allsong, og trykte opp både Bygdevise (Kor e hammaren Edvart) så vi fekk minnes Jahn-Aril Skogholt også. Deretter Ellinors vise, som Sverre Kjelsberg skulle lede. Program til Fjørtoftseminaret blei ferdig om ettermiddagen, innkjøp og tinging av lunsjbaguettar, mineralvatn og frukt… Men vi er fem stykk pluss dagleg leiar, med vilje til å gjennomføre, så det gjekk på skjener. Vi fekk lovnad frå pressa om førehandsomtale, dersom vi skreiv pressemelding. Det gjorde vi. Stor blei auga våre då det blei oppslag på minnekonsert, men ikkje eitt ord om det første Fjørtoftseminaret i byen (Det var det vi hadde bede om.)! NRK ringte og ville ha intervju om Jack Berntsen. - og dett var dett.

Men noe var veldig positivt! Christine på Tromsø museum er eit funn å ha som samarbeidspartnar. Talarstol, kvilerom, garderobe, kaffi, servering, oppsett av stolar, fjerning av alt anna, gjorde at vi kom i mål. Vi fekk også veldig stor hjelp frå lysmann Rune på HATS, som lova å komme med lystårn og montere kastarane før seminaret tok til neste dag. Noe han også gjorde.

Kjersti Sønderland som var gift med Kjell Fjørtoft, og som mange av oss stifta kjennskap med på 80-årsdagen hans 5. mars i fjor, (årsmøtet i Tromsø), lånte ut ti fotografi som Kjell hadde tatt då bybrannen i Tromsø braut ut natt til 14. Mai 1969. Vi hengte dei opp i Rotunden kafé, til glede for tilreisande seminardeltakarar, og andre som stakk innom. Vi fekk akkurat også laga ferdig program til Fjørtoftseminaristane.

Tysdag 4. okt., klokka 0830. NRK-intervju unnagjort, og vi var veldig spent på korleis det ville gå med seminardeltaking og gjennomføring. Pressa glimra med sitt fråver, med unnatak av dei som skulle halde føredrag og eiget forfatterlagsmedlem frå nrk. Ho tok opp ein god del dokumentarstoff, og fekk intervjua føredragshaldarar, og lagde innslag frå seminaret til ettermiddagssendinga. Då ho spurte om kva vi syns om oppmøtet, svarte eg kjapt: Hugs at alt det store byrjar i det små!

For vi var 23 stk. som fekk høyre om eldsjela, djupdykkaren, den fryktlause, og den nærverande lyttande Kjell. Etter lunsjpausen dreidde seminaret til faglitteratur med fokus på situasjonen for faglitterære forfattarar i dag. Framleis med interessante konfliktar, hemmelege tenester og politisk spel på høgt plan.

Deltakarane sat med store auge, og likte seg tydeleg. Seminaret var intimt, det var avslappa, men hadde samstundes nerve og flott innhald med mange ulike og nye synsvinklar - nye resultat, og med det blei det også sjølvsagt lite oppgulp.

Tysdag 4. okt. skipa laget det første faglitterære seminaret i landsdelen, som bar Kjell Fjørtoft sitt namn. Vi kan sikkert kritiserast for for liten PR., men det kom 23 ihuga personar frå nær og fjern som fekk møte godt førebudde, interessante og entusiastiske føredragshaldarar som sette Nnf sitt æresmedlem, fotograf, forfattar, dokumentarist og filmskapar Kjell Fjørtoft sitt liv og virke i eit framtidig perspektiv: Kor går faglitteraturen? Kva skal den vere? - og for kven?

Vi var ferdig kl 1530, og etter ein kort pause kom lydmannen for å rigge utstyret klårt til lydprøve for artistane.

Og dei kom tuslande inn, den eine etter den andre for å minnest Jack. Den nordnorske visekunstens far. Troilltampen frå Hamarøy og Svolvær.

Deretter kom publikum. Dei formeleg velta inn og overfylte salen. Ekstra stolar måtte settast inn og tidsskjema sprakk allereie her med over eitt kvarter. Konsertsalen representerte den varmaste haustkvelden på lenge, og vindauge og dører måtte settast opp. Endå det var både vind, regn og kulde utanfor, dempa det ikkje atmosfæren.

Publikum song med på alt dei blei bede om. Stemning frå første strofe med 38 koristar frå Sandnessundet under leiing av Hamarøyingen Sissel Helland, og då dei avslutta med Kjøssekurset av Helge Stangnes, var stemninga satt. Og den heldt seg ut heilt til slutt.

Du kan sjå programmet for konserten ein annan stad på heimesidene våre.

Sliten og veldig stolt registrerte vi ein godvilje hos publikum etter konserten. Vi oppsummerte at Nnf har, og har hatt flotte medlemmar som har betydd så mykje for folk i landsdelen, og vi kunne ta farvel, og ønske folk vel heim klokka 2240.

Takk til alle som var der og hjelpte oss til å gjennomføre dette evenementet! Takk til medlemmar som kom med innspel og forslag til AT vi skulle gjere det, og for ikkje å kvile på lauvbæra, nemner eg den neste spennande aktiviteten vår: Lydbok-antologien.

Juryen har fått alle bidraga. Dei les på spreng, anonyme bidrag eitt for eitt. Dei skal vere ferdig med juryarbeidet medio oktober, og redaksjonen skal sette rekkefølgje. Vildgren Metaforlag skal overta det tekniske, og innlesinga skal gå føre seg i Tromsø og i Oslo.

Det kjem meir, så følgj med.

Ha ein god skrivande, kreativ og vakker haust så lenge.

Beste helsing frå styret

Kine, Marit, Rasma, Anita, Gro og Vibeke.

inene er veldig snille i sin samfunnskritikk. Det er skuffende, mener journalist og pressemann Arne O. Holm.

TEKST: PETTER LØNNINGEN

Les artikkelen her

(Artikkelen er tidligere utgitt i Gatemagasinet "Virkelig" . Vi har fått tillatelse til gjengivelse. Illustrasjonene i den originale artikkelen er ikke med)



HSL-fakultetet ved Universitetet i Tromsø går inn for å legge ned masterstudiet i litteraturvitskap. Styret i Nnf har sendt inn klage. Les brevet med begrunnelsen her



SOM MAN SÅR, MÅ MAN HØSTE…

Etter den forferdelige terroraksjonen i Oslo og på Utøya 22.juli 2011 må nok alle og enhver ransake sin sjel for å finne de mørke sidene ved menneskelivet. I timene etter bomben eksploderte i Regjeringskvartalet, ble mange mørkhudete jaget i gatene og utsatt for hets og fornærmelser i butikkene. Les Dag Ove Johansens innlegg i Avisa Nordland her

Rapport fra Lillehammer
Rapporten om NBU-deltakelsen til Kine Hellebust under Lillehammer-festivalen i mai. Les her
Lagt inn 10 juli 2011

Márkomeannu
I vedlagte pdf-filer ligger informasjon/pressemelding fra Márkomeannu angående årets litteraturprogram på festivalen.
Samisk tekst her
Norsk tekst her

Lagt inn 10 juli 2011

Skrivekonkurranse
Tromsø bibliotek arrangerer skrivekonkurranse for voksne, les mer her
Lagt inn av nettredaktør 7. juli 2011

Ståle Botn får stipend

Styret i Nordnorsk forfatterlag har besluttet at stipendet på kr 25000 fra Nordland fylkeskommune, skal tildeles forfatteren Ståle Botn. Vi gratulerer!
Mer informasjon om forfatteren kan leses her

Innlagt av nettredaktør 29. juni 2011


Språk, litteratur och kulturell identitet i Barentsregionen

Les prosjektet utarbeidet av Tomas Lind her

Lagt inn av nettredaktør 30. juni 2011



Rasma Haidri har skrevet på bloggen sin om da hun var bypoet, les også her
Lagt inn av nettredaktør 30. juni 2011






Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din. Klikk her for å skrive inn teksten din.


Kine Hellebust har skrevet en levende beretning om hva som skjedde i Tromsø 4. oktober, Fjørtoft-seminaret og minnekonserten for Berntsen, les her


Gutten fra myra

En film av Ivar Hartviksen og Hans Gundersen

"- Gutten fra myra" er en film i grenselandet mellom portrett og naturdokumentar. Filmen følger multikunstner Malvin Skulbru i arbeidet frem mot forestillinga Myr under Festspillene i Nord-Norge i 2008, ei forestilling med dans, musikk og poesi, av og med Malvin, og fremført sammen med danser og musikere. Les mer her

Lene utgir diktsamling

Lene Westerås lanserer sin første diktsamling den 17 oktober. Les invitasjonen her

Stor suksess for Fjørtoft og Berntsen

Vi kommer tilbake med detaljer om alt som skjedde i Tromsø i går, den 4. oktober. Da kommer det også bilder. Foreløpig kan vi bare melde at alt ble en stor suksess. Minnekonserten trakk fullt hus, og det gjør godt å tenke på. Ordkalottens best besøkte arrangement noen sinne, var det en som sa. Og i dag starter Ordkalotten offisielt, men som dere vet tyvstartet vi, og blir derfor ikke med videre med arrangementer.

Vår supre kontorleder Vibeke har dessverre sagt opp, og slutter nå, vi søker derfor i disse dager etter hennes etterfølger.
Denne annonser stod i Nordlys for noen dager siden se her
Det har allerede meldt seg flere søkere, men avgjørelse blir tatt i nær fremtid.


Kontoret tar seg nå en velfortjent pause, vår energiske leder Kine skal endelig få komme seg på ferien sin til Cuba.
Men nettredaktør som også er nestleder kan kontaktes hele tiden på samme adresse som tidligere post@nordnorskforfatterlag.no

Lydbokantologien:
Noen har spurt hvordan arbeidet går med denne. Svaret er at den går sin gang, og det legges snart ut ny informasjon om dette arbeidet.

I fjor gjekk to av Nordnorsk forfatterlag sine æresmedlemmar bort; Jack Berntsen og Kjell Fjørtoft. Og laget vil heidre dei med eit faglitterært seminar og ein minnekonsert. Med dette markerer Nordnorsk forfatterlag den viktige kulturarven etter dei begge. Vi har lagt opp til at begge arrangementa, som skjer i Tromsø, tysdag 4.10., skal bli ei spennande, urtodoks, kunnskapsrik, kraftfull, verdig og artig oppleving.

Pressemelding her

Program her

Velkommen!



KIRSTI SPARBOE TIL ORDKALOTTEN!

Kirsti Sparboe har takket ja til å stille opp når Nordnorsk forfatterlag og Tromsø internasjonale litteraturfestival, Ordkalotten arrangerer minnekonserten for forfatter og låtskriver Jack Berntsen. Les mer om artistene her

Det er på tide å ønskje alle medlemmane ein god og inspirerande sommar!

Når litteraturfestivalen på Lillehammer er ugjenkjenneleg over, er det endeleg også blitt varmt i landsdelen vår. Flugene sprett takimellom og edderkoppane spinn for livet. Timoteien sprett og trea kastar alt dei har av pollen på oss stakarar som ikkje har anna val enn å måtte gå under, no når landsdelen gror att. Ikkje nok med det, men naturen her veks jo heile døgnet fordi sola ikkje har vett til å gå ned.
MEN: med småkryp og storsei kjem også inspirasjonen. Det skjer alltid årvisst. Kvart år kjem den skyllande inn i mangt eit forfattarhjarte. Og dei fleste tar penna fatt (jaja, eg veit det ikkje heiter PENN lenger, men tastebrett av ymse utformingar)
MEN VI SKRIV!

Fristen for å levere inn bidrag til Nordnorsk forfatterlag sin jubileumsantologi (OrdLyd - ein Lydbok-antologi) er gått ut, men pga av få innsende manuskriptar utvidar vi fristen ei tid, og kjem tilbake til dette seinare. Så kom igjen om du har noe!

Styret har behandla godt over førti saker første sesong, og mange skal realiserast til hausten. Medlemma kan gle seg til laget sine aktivitetar både her og der kommande sesong.

Ordkalotten, Tromsø internasjonale litteraturfestival står for døra 5. - 9. oktober, og i år har den fått det evigvarande klassiske tema: Havet, døden og kjærligheten. Då skulle det meste kunne skje, eller i alla fall liggje tilrette for ein flott litteraturfestival i Nordens Paris. Kva vi i Nnf skal bidra med, kjem ut på denne nettsida etterkvart som programmet vårt blir spikra, så følgj med.

I mellomtida får du bruke sommaren godt, og notere, observere, kreere, feriere og erigere... ?? I alle fall kan du kanskje skrive av vellyst mens du feirar olsok, oillsokk, knesokk eller jordskokk gjennom alle dei lyse nettene - saman med dei du er glad i. Og greier du endå meir, kan du lese rapporten til ein utskremt lagleiar frå litteraturfestivalen på Lillehammer.

God sommar alle saman!

Juli 2011
Kine Hellebust



Styremøte 25 juni 2011

Vi avholder styremøte i Harstad førstkommende helg, den 25 juni. Har du noe du ønsker styret ta opp, så send snarest en melding

til post@nordnorskforfatterlag.no


Melding om dødsfall

Vi har fått en trist melding fra Vesterålen Litteraturlag.

Lederen i laget, Roy Atle Hansen døde plutselig sist mandag, 6. juni, bare 55 år gammel.

Hansen var bla representert i antologien Elementer, som ble utgitt i vinter av Vesterålen Litteraturlag,

se for øvrig her.


14. juli døde Sissel Solbjørg Bjugn

Les Eivor Bergums nekrolog her




Gå inn på Medlemmer og les beskjed fra nettredaktøren

Nordens største litteraturfestival foregår på Lillehammer 24-29 mai - les her


Til medlemmene av Nnf:

Om e-diktene

I år som i fjor har vi fått invitasjon frå Østfold fylkesbibliotek om å late oss inspirere til å glede "småe" og "store".

Vi håpar at så mange medlemmar som mogleg har lyst til å gjere ein litterær innsats med tanke på ungane i vår eigen landsdel som snart skal ut og skrive sjølv.

Sidan dette er ein invitasjon som går ut til dei fleste forfattarar i heile landet, ville det vere veldig artig om dei av Nnf sine medlemmar som blir innkjøpt av e-diktredaksjonen, melder frå til oss på: post.nordnorskforfatterlag.no - så vi kan gjere krus på, presentere, og marknadsføre medlemmane våre vidare.

Brevet fra Østfold fylkesbibliotek finn du her



Om den nye digitalkatalogen vi har tenkt å lage, les
Last ned fil Digitalkatalog.pdf
(73kb - 9 sec at 64K ISDN)




Nordland fylkeskommunes forfatterstipend

Torsdag 28.april 2011 er siste frist for å søke på Nordland fylkeskommunes forfatterstipend. Kriteriet for å søke er at du enten er bosatt i Nordland eller har en sterk tilknytning til fylket.
Kr. 25.000 kan du få i stipend til å skrive. Stipendet er gitt av Nordland fylkeskommune, og tildeles av Nordnorsk forfatterlag.
Send søknaden skriftlig til Nordnorsk forfatterlag, Vestregata 48, 9006 TROMSØ

Tildelte stipend fra Norsk kulturfond 2011

Last ned fil 2011_tildelte_stipend.pdf
(190kb - 24 sec at 64K ISDN)




Wassmo_72.JPG

Fransk heder til Wassmo

Nordnorsk forfatterlags æresmedlem Herbjørg Wassmo mottok torsdag 17. mars 2011 Ordre des Arts et des Lettres (Kunstenes og ordenes orden) i Paris.

Seremonien fant sted i forbindelse med bokmessa Salon des Livres (Boksalongen) der 40 forfattere fra de nordiske landene var æresgjester.

Sammen med Herbjørg, var også Hanne Ørstavik - i tillegg til bl.a. Linn Ullmann, Anne B. Ragde, Knut Faldbakken og Erik Fosnes Hansen.
Nnf gratulerer!

Foto: Hilde-Kat Eriksen


Eivor_lav.JPG

Høydepunkt under årsmøtet 12. mars 2011

EIVOR BERGUM ER BLITT ÆRESMEDLEM I NORDNORSKFORFATTERLAG

På Nordnorsk forfatterlags årsmøte 12. mars ble dikteren Eivor Bergum utnevnt til æresmedlem. Vi gratulerer!

Foto © Marit Lund Bødtker

Harstad tidende har skrevet om utnevnelsen

Last ned fil show_page.pdf
(85kb - 11 sec at 64K ISDN)





Andre høydepunkter foran, under og etter årsmøtet i Alta: