Premien for alt - ny roman fra Ingvild Holvik

Forfattar Ingvild Holvik (Nnf) lanserer romanen "Premien for alt" på Hildr Gastro Bar i Tromsø den attende mai 2017. Med seg på lanseringa har ho Frank Lande, som les frå den komande bildeboka "Åttemeterskogen". Sjølv les forfattaren frå den heilt nye boka si: "Premien for alt".

Holvik (f. 1976) debuterte i 2010 med romanen ": Lykkefeltet". "Premien for alt" er den andre romanen hennes. Holvik har også omsett Attila Bartis´ "Stillheten" fra ungarsk, og for denne blei ho nominert til Brageprisen.


Facebook-invitasjon til lanseringa

Her kan du bla i romanen "Premien for alt"


Ingvild Holvik. Foto: Oda Berby

 Om "Premien for alt"

Mali Fredrikke Sjursen er 79 år gammal. Til no har ho budd heime, men då helsa skrantar, kjem ho på avlastning på sjukeheimen. Der byrjar ho å gruble over tilfeldigheitene som styrer eit liv, det som blir noko av, det som ikkje blir noko av, og alt som blir halde skjult. Kan Mali bli forsona med sonen Thomas, det einaste barnet ho fekk?Kva med den døde søstera Jenny, som er den einaste grunnen til at ho sjølv blei fødd? Holvik skriv om korleis livet kan arte seg mot slutten, når ein tenkjer skarpt og klart, men likevel er heilt avhengig av andre for å halde det gåande. Det handlar om alt ein brenn inne med og alt ein skyv frå seg, heilt til det siste.

 Om "Lykkefeltet"

Psykologistudenten Stine må flytte heim midt i eksamenstida for å ta seg av storesøstera. Faren, som er psykolog, er redd for at ho skal gjere seg noko mens han er på jobb. Men vondt blir verre i forsøket på å konstruere eit slags familieliv, og alle farens forsøk på å glatte over dei stadige utbrota endar i fiasko. Og snart utviklar Stine ei sterk interesse for kjærasten til si einaste venninne, som dessutan viser seg å vere ein tidlegare pasient av far til Stine. "Lykkefeltet" er ein debutroman om psykologi og det sårbare studentlivet.



Fotograf: Oda Berby
Publisert 9.5.2017 av HKE


Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no