Kommande dobbelt-utgjeving!

I oktober 2018 kjem det ut to bøker samtidig av og om forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011) på Samlaget. «Sjonglering og bjugnlering» er ei samla utgjeving av dei seks vaksen-bøkene ho gav ut. «Skrive, teikne, røre og slåst!» er ein biografi over Bjugn, skriven av forfattaren Tor Eystein Øverås. Denne boka er samtidig ei samling av Sissel S. Bjugns eigne tankar om litteratur og skriving. Den kommande dobbelt-utgjevinga fyller til saman 700 sider.

I «Skrive, teikne, røre og slåst!» har Tor Eystein Øverås leita fram alt Sissel Solbjørg Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar, og dessutan alle intervju ho gav.

«Utvalet i boka, viser fram ein særeigen og kresen poet, eit eruptivt skapande sinn, som samtidig blei styrt og filtrert av eit strengt sjølvkritisk blikk. Boka viser også fram ukjende sider ved teiknaren Bjugn», skriv forlaget i sin omtale.

Sissel Solbjørg Bjugn markerte seg med originale og språkleikande tekstar, det meste ho gav ut var eigenarta, eksperimenterande, surrealistisk og fornyande. For debutsamlinga «Den første avisa på Lofotveggen» (1978) fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris.

Les meir på forlaget sine nettsider:

«Skrive, teikne, røre og slåst!»

«Sjonglering og bjugnlering» samlar dei seks bøkene ho gav ut for vaksne; «Den første avisa på Lofotveggen» (1978), «Spenn beltet kring livet og hald lampa tend!» (1981), «Den magre narsissisten» (1984), «Bye, bye» (1989), «Tornekysset» (1992) og «Depp» (1999).

Forordet i boka er skrive av Einar Økland.

Les meir på forlaget sine nettsider

«Sjonglering og bjugnlering»






Publisert 21.8.2018 av HKE

Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no