"Blaff" anmeldt i Nordlys

Olava Bidtnes sin siste diktsamling, Blaff, ble nylig anmeldt i avisa Nordlys av Margoth Hovda-Lien.

Anmelderen mener diktsamlingen er både viktig og velskrevet:

____________________________________________________________________________________________

Sterke dikt

"BLAFF" Dikt MARGbok 2014

Olava Bidtnes har arbeidd over 30 år innafor psykiatrisk helsevesen, og i denne siste diktsamlinga gir ho oss blaff av korleis eit liv kan arte seg for ei som «. før du vaks til/kom kompassnåla ut av kurs//»

Diktsamlinga er delt i fire akter: livet før jenta blei pasient, behandlinga, etter utskrivinga og avslutninga. Ein kan lese diktsamlinga som eit drama om ei jente, men det er samstundes formidling av korleis det er å ha psykiske plager i samfunnet vårt.

I første del vert livet skildra slik: «Når blomane var på sitt høgste/tok du imot slekta/drog leppene til side/taktfullt opna splittane/for fraser og lette rørsler/ ei honningbie som surra rundt/ på rette sida av stakittet// i blodet og i håret herja januar/rundt halsen/eit vinterlangt skjerf av mistydd arv».

Pasienten gjennomskodar ofte behandlinga: «Når dei stryk deg med fjøra/kan du kvile/så lenge dei trur du er ei gås/ som klarer deg godt/ utan tvangsforing/ kvekk vekk/ tøy tei leverpostei/ gåselever/lever/ler».

Tida etter utskrivinga er også eit rollespel: «Øver deg på det kunstige smilet/kompaktløysing med sukker og kanel//utprøving på ein taxisjåfør/gir meirsmak».

Avslutninga er mørk: «Eir hjarte kvast i alle endar/slepp taket/fell barnålsmjukt ned til sine eigne// dei finn deg i desember/ fastfrose/ på innsida av ein neve».

Olava Bidtnes er ikkje så ope kritisk til helsevesenet i denne samlinga som i den frå i fjor Berre tru du er ein avdød. Ho vil formidle kjenslene og opplevingane til dei som blir pasientar i psykiatrien. Med å bruke du i staden for eg skaper ho avstand til seg sjølv, samtidig som ho involverer oss, lesaren, til å kjenne på korleis det er å slite med psyken.

Bildespråket er sterkt og symboltungt. Dei fleste naturbilda er positive, blomar og trær, fuglar og små dyr. Berre ulven er eit bilde av dei som plagar/ behandlar ho, og det er også ulven som forfølgjer ho og skaper angst. Dikta er korte og gir rom for medleving og tolking. Dikta gir oss blaff inn ei verd som mange opplever, og kanskje dei fleste råkar borti - og som det difor er meiningsfullt å få kjenne på.

Men Bidtnes blir heller ikkje her kjensleladd og sentimental. Ho handsamar helsevesenet med avstand og ironi: «Vikaren på det velkjente kontoret/ber deg sprette opp litt fortid// du slepp ut eit par edderkoppar/så flotte humler seier han/og brumbrummar verda si// vengelaus/lengetaus/ spinne/ svinne/ veve vikle». Synsvinkelen og innlevinga ligg hos pasienten.

Mange av dikta avsluttar med slike ordremser, einslags lydrim eller bokstavrim. Dei er vanlege lyriske verkemiddel, og Bidtnes bruker dei oftast for å understreke det meiningslause som ein opplever i psykiatrien.

Bodskapen i diktsamlinga er først og fremst korleis folk med psykiske plager kjenner på manglande forståing og kor einsame dei er, kor marginaliserte dei både blir og kjenner seg. Klangtonen i samlinga er sårbarhet, formidla i opne dikt og med eit biletspråk som treffer lesaren.

Det er ei viktig og velskriven diktsamling Bidtnes har skrive, som både gir innsikt og skaper ettertanke. Ikkje minst i ei førjulstid.

Margoth Hovda-Lien



Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no