Arkiv 2011
Når litteraturfestivalen på Lillehammer er ugjenkjenneleg over, er det endeleg også blitt varmt i landsdelen vår. Flugene sprett takimellom og edderkoppane spinn for livet. Timoteien sprett og trea kastar alt dei har av pollen på oss stakarar som ikkje har anna val enn å måtte gå under, no når landsdelen gror att. Ikkje nok med det, men naturen her veks jo heile døgnet fordi sola ikkje har vett til å gå ned.
MEN: med småkryp og storsei kjem også inspirasjonen. Det skjer alltid årvisst. Kvart år kjem den skyllande inn i mangt eit forfattarhjarte. Og dei fleste tar penna fatt (jaja, eg veit det ikkje heiter PENN lenger, men tastebrett av ymse utformingar)
MEN VI SKRIV!
Fristen for å levere inn bidrag til Nordnorsk forfatterlag sin jubileumsantologi (OrdLyd - ein Lydbok-antologi) er gått ut, men pga av få innsende manuskriptar utvidar vi fristen ei tid, og kjem tilbake til dette seinare. Så kom igjen om du har noe!
Styret har behandla godt over førti saker første sesong, og mange skal realiserast til hausten. Medlemma kan gle seg til laget sine aktivitetar både her og der kommande sesong.
Ordkalotten, Tromsø internasjonale litteraturfestival står for døra 5. - 9. oktober, og i år har den fått det evigvarande klassiske tema: Havet, døden og kjærligheten. Då skulle det meste kunne skje, eller i alla fall liggje tilrette for ein flott litteraturfestival i Nordens Paris. Kva vi i Nnf skal bidra med, kjem ut på denne nettsida etterkvart som programmet vårt blir spikra, så følgj med.
I mellomtida får du bruke sommaren godt, og notere, observere, kreere, feriere og erigere... ?? I alle fall kan du kanskje skrive av vellyst mens du feirar olsok, oillsokk, knesokk eller jordskokk gjennom alle dei lyse nettene - saman med dei du er glad i. Og greier du endå meir, kan du lese rapporten til ein utskremt lagleiar frå litteraturfestivalen på Lillehammer.
God sommar alle saman!
Juli 2011
Kine Hellebust
Styremøte 25 juni 2011
Vi avholder styremøte i Harstad førstkommende helg, den 25 juni. Har du noe du ønsker styret ta opp, så send snarest en melding
til
post@nordnorskforfatterlag.no
Melding om dødsfall
Vi
har fått en trist melding fra Vesterålen Litteraturlag.
Lederen
i laget, Roy Atle Hansen døde plutselig sist mandag, 6. juni, bare
55 år gammel.
Hansen var bla representert i antologien Elementer, som ble utgitt i vinter av Vesterålen Litteraturlag,
se for øvrig her.
14. juli døde Sissel Solbjørg
Bjugn
Les Eivor Bergums nekrolog her
Gå
inn på Medlemmer og
les beskjed fra nettredaktøren
Nordens største litteraturfestival foregår på Lillehammer 24-29 mai - les her
Til medlemmene av Nnf:
Om e-diktene
I år som i fjor har vi fått invitasjon frå Østfold fylkesbibliotek om å late oss inspirere til å glede "småe" og "store".
Vi håpar at så mange medlemmar som mogleg har lyst til å gjere ein litterær innsats med tanke på ungane i vår eigen landsdel som snart skal ut og skrive sjølv.
Sidan dette er ein invitasjon som går ut til dei fleste forfattarar i heile landet, ville det vere veldig artig om dei av Nnf sine medlemmar som blir innkjøpt av e-diktredaksjonen, melder frå til oss på: post.nordnorskforfatterlag.no - så vi kan gjere krus på, presentere, og marknadsføre medlemmane våre vidare.
Brevet fra Østfold fylkesbibliotek finn du her
Om den nye digitalkatalogen vi har tenkt å lage, les
![]() |
Digitalkatalog.pdf (73kb - 9 sec at 64K ISDN) |
Nordland fylkeskommunes forfatterstipend
Tildelte stipend fra Norsk kulturfond 2011
![]() |
2011_tildelte_stipend.pdf (190kb - 24 sec at 64K ISDN) |
Høydepunkt under årsmøtet 12. mars 2011
EIVOR BERGUM ER BLITT ÆRESMEDLEM I NORDNORSKFORFATTERLAG
Harstad tidende har skrevet om utnevnelsen
![]() |
show_page.pdf (85kb - 11 sec at 64K ISDN) |
Andre høydepunkter foran, under og
etter årsmøtet i Alta:








