Jan Roar Leikvolls minnepris 2017 til forfattaren Ingvild Holvik

Prisen er eit samarbeid mellom familien til forfattaren Jan Roar Leikvoll (1974-2014) og Det Norske Samlaget, og han blir delt ut tre år på rad. Prisen går til ein nynorsk, skjønnlitterær forfattarskap. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gjeve ut fire titlar. Juryen har bestått av Nils Henrik Smith, Håkon Kolmannskog og David Aasen. Den første prisen gjekk i 2015 til Lars Petter Sveen, i 2016 gjekk den til Kjersti Rorgemoen. Den tredje og siste prisen blei utdelt i år (2017), til Ingvild Holvik (Nnf).


I grunngivinga står det mellom anna:

«Ingvild Holvik er født i Bergen i 1976 og bur no i Tromsø, kor ho arbeider som konsulent i Norsk Forfattersentrum. Ho debuterte med romanen "Lykkefeltet" i 2010. Hennar andre roman, "Premien for alt", kom i vår. Holvik har òg omsett Attila Bartis' "Stillheten" til norsk frå ungarsk, eit arbeid ho vart nominert til Brageprisen for.

I begge Holviks romanar er ordet lagt i munnen på ein førstepersonsforteljar, og som førstepersonsforteljarar flest kan begge mistenkjast for å ikkje alltid vere heilt pålitelege. Psykologistudenten Stine i "Lykkefeltet" har midlertidig flytta heim for å passe på den deprimerte storesystera Gry, men slit med å sameine omsorga for både systera og den bekymra faren med erkjenninga av at det stundom er umogleg å høyre til i ein familie. Som ho sjølv observerer: ´Empati kan vere tyngande når ein har for mykje av det.´

79 år gamle Mali Fredrikke Sjursen i "Premien for alt" grublar over alle tilfeldigheitene som har styrt eit liv som går mot slutten. Liksom Stine lid Mali under kjensla av å ha ytt meir omsorg enn ho har fått, og dette gjer henne tidvis sarkastisk og bitter. Av grunnar som innleiingsvis er uklare, er Mali uforlikt med sonen Thomas, det einaste barnet ho har fått. Ho håpar på forsoning, men veit ikkje korleis det skal gå til. Med finstemt narrativt meisterskap avdekkjer Holvik i denne romanen skjulte hendingar i fortida som har vore avgjerande ikkje berre for forteljarpersonens eige liv, men òg for det vesle lokalsamfunnet kor Mali har levd heile vaksenlivet.

Dette er framleis eit forfattarskap i startfasen, men forfattaren har alt funne eit språk, ein stil og ein litterær metode som gjer at ein opplever at dei to romanane høyrer til i lag, samstundes som dei òg peiker utover seg sjølv. Juryen håpar tildelinga vil anspore forfattaren til å utvikle forfattarskapet yttarlegare, både i den retninga det no er på veg, og i andre retningar vi ikkje kan føreseie. Vi har ynskja å beløne litterært vågemot, språkleg klarsyn og viljen til å bóre djupt i menneskesinnets irrgangar, og alle desse kvalitetane finst i rik món i både "Lykkefeltet" og "P remien for alt". Det er difor ei stor glede å kunne tildele Jan Roar Leikvolls Minnepris for 2017 til Ingvild Holvik!»

_______
Publisert 8. desember 2017 av HKE

Gå til www.nordnorskforfatterlag.noGå til www.nordnorskforfatterlag.no