Forum for nordnorske forfattere
Nekrolog over Gunvor Stornes, skrevet av Sussi Gabrielsen, gjengitt i Aftenposten 11. mai.
28.april 2013: Vårt æresmedlem, Gunvor Stornes er død.
Forfattaren Gunvor Stornes (f. 1924) frå Hemnes døydde 28. april, kort tid før ho ville fylt 89 år. Ho debuterte som forfattar i 1975 med lyrikksamlinga Bryte demningar og same året kom også barneboka Kari Svingen. Som dyktig opplesar vann Gunvor Stornes fram i barnetimen. Forfattarskapet har veksla mellom barnebøker og lyrikk i tillegg til at ho har vore med i mange antologiar.
Det var den korte forma som kanskje passa Gunvor best, lyrikk eller korte forteljingar. Der fekk ho dyrke dei knappe og treffande formuleringane på ein kraftig og dialektfarga nynorsk. Tekstane hennar har ofte temperament, men humoren er likevel ikkje langt unna.
Den største litterære anerkjenninga opplevde Gunvor i 1990 da ho vann 1.pris i engelskspråkleg klasse under Den europeiske poesifestivalen i Trevisa i Italia. Året etter fekk ho Blix-prisen for å ha fremja nynorsk og dialekt i litteraturen.
Gunvor Stornes var ein sann veteran i nordnorsk litteratur. Ho var med i Nordnorsk forfatterlag heilt frå starten i 1972, som ei av to kvinner. Men alt året før hadde ho vore ei drivkraft i å få i gang Helgeland litteraturlag.
Gunvor var til det siste opptatt av litteratur. For sitt engasjement i laget blei ho heidra med æresmedlemskap, og så seint som i fjor hadde ho tre tekstar med i jubileumsantologien til Nordnorsk forfatterlag.
Gunvor var opptatt av litteratur til det siste, og for knapt eitt ar sidan las ho eigne dikt under forfattarlagets 40-årsjubileumsfeiring i Bodø.
Ei sterk nordnorsk stemme er borte, men orda hennes står meisla att.
For Nordnorsk forfatterlag
Gunnar Hagen
19.mars 2013:
Utlysning av Nordland fylkeskommunes forfatterstipend for 2013
Nordnorsk forfatterlag tildeler på vegne av Nordland fylkeskommune hvert år et stipend på kr. 25.000,- til en forfatter bosatt i Nordland, eller med sterk tilknytning til fylket. Stipendet skal benyttes til et konkret bokprosjekt, kostnader til research og/eller eget arbeid med prosjektet.
Søknad om stipend må inneholde:
1) Kort beskrivelse av din bakgrunn som forfatter, utgivelser og lignende.
2) Presentasjon, ca. ½ side om det konkrete prosjektet du søker støtte til.
Nordnorsk forfatterlag vil ved vurdering av søknadene legge vekt på prosjektets kunstneriske potensial.
Mottaker av stipend må innen 1. mai 2014 levere rapport og regnskap for bruken av midlene til Nordland fylkeskommune.
Søknad sendes (poststemples) innen 30. april til:
Nordnorsk forfatterlag
Pb 539
9256 Tromsø
Eller som pdf-fil til post@nordnorskforfatterlag.no
2002 - Tor Eysten Øverås
2003 - Ellen Hofsø
2004 - Pål Johan Karlsen
2005 - Stig Bang
2006 - Dag Kajander
2007 - Linda Lillevik
2008 - Mikkel Bugge
2009 - Greta M. Skau
2010 - Malvin Skulbru
2011 - Ståle Botn
2012 - Elisabeth Johansen
1.mars 2013:
Nye samiske utgivelser februar 2013:
8.febr.2013: Nytt kontor i Tromsø
Nordnorsk forfatterlag har kontor på Skansen, i Søndre Tollbodgt. 8 i kontorfellesskap med Ordkalotten og Nordlysfestivalen. Her har vi også et billelite bibliotek.



